Heimkomefest: AK frå Sydpolen

AK Teigland returnerte til Antarktis desember 2024. Kan ein halvtrent, men heiltent, harding verta raskaste mann til Sydpolen nokosinne?

page view image

Tickets Not Available

bestellen
Es stehen keine Tickets mehr zur Verfügung
event image

Event-Informationen


Ikkje alle soger endar med siger og flagget over hovudet. Nokre endar med nasen ned i snøen på 88 grader sør og ei sjukestove på Union Glacier. Nordmenn går til dei stuper, hardingar går til dei (nesten) dauar. Vel møtt til ei beretning om då fjellmannen og bondeguten AK entra verdsscena i eit gladiatorprega fartsrekordforsøk til Sydpolen. Og litt om åndsverk, handverk, vilje, ære, hard rock, hovold og historiske heltar.

-------

Program:

Kl 1800: Dørene opnar. Bar og mingling.
Kl 1900: Beretningar frå turen. Festleiar: Frank Juklestad frå Åsnes
Kl 2100: Foredrag ferdig og festen startar
Kl 2300: Dørene stenger

Åstad: Langhuset på Salt Oslo, Langkaia 1, 0150 Oslo

18 års aldersgrense

Les deg opp på turen på www.aktilsydpolen.no






Restriktionen

18 års aldersgrense

Verzichtserklärung

Ingen refusjon på kjøpte billettar


Åsnes - kvalitetsleverandør i 100 år.

Bryn performance er eit prestasjonsmiljø som bistår verksemder og leiarar med å styrka laget, fremja prestasjonar og byggja kultur. Selskapet er leia av Bjørn Magne Bryn.




Veranstalter
Bygdagnist