Kapellankåken: AK frå Sydpolen
Ikkje alle soger endar med siger og flagget over hovudet. Nokre endar med nasen ned i snøen på 88 grader sør og ei sjukestove på Union Glacier. Nordmenn går til dei stuper, hardingar går til dei (nesten) dauar. Vel møtt til ei beretning om då fjellmannen og bondeguten AK entra verdsscena i eit gladiatorprega fartsrekordforsøk til Sydpolen. Og litt om åndsverk, handverk, vilje, ære, hard rock, hovold og historiske heltar.
Informasjon
-------
Program:
Kl 1730: Dørene opnar.
Kl 1900: Beretningar frå turen. Festleiar: Kjartan Bergsvåg
Kl 2100: Foredrag ferdig
Åstad: Kapellankåken, Ullestadvegen 10, 5700 Voss
Fri aldersgrense
Les deg opp på turen på www.aktilsydpolen.no
Restriksjoner
Ingen refusjon på kjøpte billettar