Lyden av kunnskap

Arrangementsinformasjon

Vel møtt til ei eineståande oppleving i Vavollstovo på Storeteigen torsdag 7. juni kl 19 når den landsomfattande turnéen "Lyden av kunnskap" kjem til bygda.

Komponist og artist Gisle Martens Meyer, kjend frå elektronikaprosjektet Ugress, har laga eit konsertverk basert på lyden av bøker, papir, hyller og bibliotek: “Atrophy In The Key Of Dreaming Books”. Konserten introduserer eit fascinerande og engasjerande univers av mikroskopiske lydar, mystiske teksturar, leikande rytmar og entusiastiske svermar av dansande bokstavar. Verket er sett saman frå tusenvis av opptak av lydar i italienske bibliotek, og ei nitid utvikling av lydar og bok-baserte instrument i studio. 

Det vert ei svært intim multimedial konsertoppleving i den gamle tymbrestova frå 1681.

ugress
storeteigen

Ansvarsfraskrivelse

Ingen refusjon på kjøpte billettar