page view image

Polarhelg

Arrangementsinformasjon
event image

Polarhelg på Fagerheim - heilt ny tilskiping på Hardangervidda. Ei helg med foredrag, soger og sosialt samkome. Inspirasjon og gastronomisk historisk meny.


PROGRAM:

Fredag:
Kl 1800: Velkomstdrink i Framheim mikrohus
Kl 1900: Velkomstmiddag i matsalen
Kl 2100: Festopning i Peisestova ved Lars Ebbesen
Kl 2130: Liv Arnesen. Foredrag i Peisestova.

Laurdag:
Kl 1100: Polartime i Nansenbua ved Anders Bache
Kl 1500: Filmmatiné i Peisestova: Gjennom stillhetens landskap (1990)
Kl 1700: Polarvorspiel i Framheim mikrohus
Kl 1800: Anne Melgård i Peisestova
Kl 1900: Polar festmiddag i fjellstova etter inspirasjon frå kokken Lindstrøm

NB. Tidene og programpostane kan verta endra.



INNLEIARAR:

Liv Arnesen:

Ei levande polarlegende kjem til Fagerheim på Polarfesitval. Den vidgjetne eventyraren og forfattaren Liv Arnesen tek turen frå eit fjell til vårt fjell og vårt arrangement på Fagerheim. I 1994 gjennomførte ho soloekspedisjon til Sydpolen som fyrste kvinne nokosinne, kun eit år etter fyrste solotur nokosinne av Erling Kagge. Bragdene hennar er mange og inneber både Grønland, Svalbard og Antarktis, både åleine og i tospenn med Ann Bancroft.
Me er svært beæra og kry over at Liv tek turen og formidlar turglede til oss.

Anders Bache:

Det er ei stor glede å få Anders Bache til fjellet og Fagerheim. Han er eit fyrverkeri av ein formidlar som til dagleg er fagkonsulent ved Roald Amundsen sin heim, Uranienborg på Svartskog.
Anders vil setja Amundsen inn i ein større samanheng, syna soger og sider av han som ikkje berre handlar om myta om han, men også som menneske med utgangspunkt i den nyutgjevne private dagboka til Amundsen. Daboka er skriven i det mest kaotiske året i Amundsen sitt liv. Eit år fylt med storpolitikk, kjærleik og einsame netter på eit hotellrom. I tillegg er dagboka unik sidan den er skriven til kvinna han var på tuppa etter!
Samt soger om Amundsen sine turar på Hardangervidda og då han sykla frå Noreg til Frankrike.

Anne Melgård:

Få, om nokon, har betre oversyn over den klassiske æra i polarhistoria enn Anne Melgård. Til dagleg er ho forskningbibliotekar på Nasjonalbiblioteket, seksjon for Sjeldne bøker og privatarkiv. Om du verkeleg skal dykka ned i tilårskomne og verdifulle arkiv, er det Anne som losar deg.
Ho har fleire publikasjonar og utgjevingar bak seg og vil på Polarfestival presentera soger om løynde polare heltar.

Lars Ebbesen:

Lars er sjølvaste nestoren i norsk polarmiljø og er aktiv støttespelar og bakmann i store og små turar. Tematikken på årets festival er nettopp dei skjulte heltane, dei avgjerande bakmenna som ikkje stikk seg fram. Slitarane, dei trufaste tenarane. Litt slik han er. Lars Ebbesen er difor den naturlege kapasiteten som skal opna årets Polarfestival på Fagerheim.

Filmmatiné: Gjennom stillhetens landskap

Dokumentarfilm om Den Norske Sydpolekspedisjonen 1990 som kryssa Antarktis via Sydpolen på ski. Med Ralph Høibakk, Herman Mehren, Sjur Mørdre, Simen Mørdre, Carl Emil Petersen og Hallgrim Ødegård.
Foto og regi: Hallgrim Ødegård
Skifabrikanten Åsnes fyller 100 år i 2022 og er hovudsamarbeidspartnar på Polarfestival
Skoprodusenten Alfa er stolt samarbeidspartnar av Fagerheim.




Book rom på Fagerheim i dag!

Restriksjoner

18 års aldersgrense